Vi hadde med oss ei gruppe med nordmenn på besøk i Hong Kong sundag kveld. Sjølvsagt hadde dei lyst til å sjå korleis stoda var i sentrum. Vi nærma oss forsiktig Admiralty for vi ville sjølvsagt ikkje bli blanda inn i noko.
Men alt gikk stille og roleg for seg. Vi gikk forbi matstasjonar, helsetilbud, studieplassar med overmontert tak og skikkeleg leselys. Og lange rekker med telt.
Overalt vart vi gripne av kor fredeleg det var. Det kvilte ein nesten heilag fred over alt der vi gikk. Utan at eg skikkeleg forsto kvifor, vart eg heilt andektig og fekk tårer i augo av heile stemninga. Rett utanfor sjølve inngangen til metrostasjonen var det ei samling med ein som held ein apell - det kunne tilogmed vore ein andakt utfrå alvoret og roa over tilhøyrarane.
For vel ei veke sidan kom det endeleg igang samtaler mellom demonstrantane og politikarane. Men det kom ikkje noko ut av det. Ungdommane fekk ros i media for kor vel dei hadde førebudd seg til samtalene og kor modne dei var. Politikarane var karikert i ei avis som "aliens".
No har studentane bedt om ein samtale med sjølvaste presidenten Xi Jinping. Det skal vel mykje til at det skjer. For tida ser det ut til at dei berre driv uthalingstaktikk for å trøytte dei ut - og kanskje ynskjer dei at motdemonstrantane skal setja igang ein aksjon for å få slutt på det heile.
Ei overskrift i avisa i går seier: "Bejing risks loosing an entire generation". På kort sikt vil det vera berre ein vinnar - sentralregjeringa. Bejing sin uthalingsstrategi - som dei har lært frå Occupy Wall street-protestane som kom etter finanskrisa i 2008 - vil truleg syrgja for det. Men kven vil vinne på lang sikt?
Ein av studentleiarane, Joshua Wong Chi-fung, sa det svært klart i ein kommentar som vart publisert i The New York Times sist veke: "eg vil gjerne minne alle medlemmar av den regjerande klassen i Hong Kong i dag om at de røvar frå oss framtida vår. Men den dagen vil koma då vi bestemmer over dykkar framtid. Uansett kva som skjer med protestrørsla, vi vil ein gong krevja det demokratiet som tilhøyrer oss, for tida er på vår side!"
I avisa i dag var det eit intervju med ein av leiarane under opprøret på Tiananmen Square i 1989, Zhou Fengsuo. For 25 år sidan var han nummer fem på Bejing's "most wanted list". No bur han i USA og då kom til Hong Kong før helga, gikk han rett til Admiralty og overnatta der saman men studentane. Han også tok til tårene, men av heilt andre og sterkare grunnar enn oss som er framande. Han sa at det var like stort alvor over ungdommane her som det han hugste frå sitt opprør. Den gongen tapte dei, men det blir ståande i historia til Kina som eit stort sår som aldri vil gro. Hans tankar om at dei som protesterte burde koma med "a Mechanism" som gjorde dei i stand til å avslutte okkupasjonen på ein skikkeleg måte. Dette ville styrke bevegelsen, meinte han. Men det er lite truleg at dei vil lytte på dette rådet.
Det er utruleg spennande å vera her denne tida. Vi har mykje kontakt med ei handfull studentar frå innlands-Kina som tek sine filosofiske doktorgradar her i haust. Vi skal ta oss av dei og gi dei litt avvekslingar frå harde studiar. Men det har blitt fleire samver der vi intervjuar dei om kva dei tenkjer om Kina og framtida for alle her. Det er utruleg fasinerande å lytte til desse som virkeleg gjer ei klassereise ved å utdanne seg som dei gjer. Eg lurer ofte på om dei er klare over prisen dei betaler ved å fjerne seg så totalt frå det dei vaks opp i. Men denne utviklinga er komen i siget og inga makt i verda kan bremse dette nemneverdig.
Vi har det trygt og godt her oppe på "Fjellet der Kristusvinden blåser". Men vi tenkjer mykje på KORLEIS OG NÅR desse gatene vil bli fulle av bilar og trafikk att. Enn så lenge er forurensinga i sentrum redusert til eit minimum og trefeltsvegar kan brukast til gågater!